Den kulturelle skulesekken

Unni Boksasp i "Magnhild"
Åkerfallet har produsert to tildos for den kulturelle skulesekken i Møre og Romsdal.

"Magnhild"
Dette er ein litt omarbeidd versjon av forestillinga om Magnhild Almhjell som vart sett opp på Åkerfallet i 2011. Stykket vart produsert for skulesekken hausten 2012 og er klart for turnear i fylket i åra framover. Aktørane i stykket er dyktige folkemusikarar frå Nordmøre: Gro Kjelleberg Solli, Unni Boksasp, Øystein Sandbukt og Torgeir Leivdal.  Les om stykket på kultursekken si nettside her.

Song- og danseverkstad
For tredje år på rad ligg tilbodet "Song og dans med Åkerfallskulen" på turnè-lista til kultursekken. Dette er eit såkalla kulturlaugtilbod, ein verkstad for elevar. Det er Kirsty McKinnon og Rannveig Eikrem Jensen som har tilbodet og reiser rundt på skular og lærar elevane nokre folkesongar og dansar, som også kan kombinerast. Elevar i nærområdet til Åkerfallet kan få tilbodet på Åkerfallet. Les meir om tilbodet her.