Aasmund Nordstoga og Nordmøre Spelmannslag til Åkerfallkonserten

Aasmund Nordstoga
Åkerfallkonserten i år blir den 16. juni 2013 kl 14.00. Til konserten kjem fjorårets 80-årsjubilant og navet i folkemusikkmiljøet på Nordmøre; Nordmøre Spelmannslag. Dei presenterer variert musikk og historier omkring folkemusikken frå Nordmøre. Med seg har dei songarane Gro Kjelleberg Solli og Kine Gyldenskog, samt organist Alexey Kurbanov.

Frå Vinje i Telemark kjem mjølkebonde og folkemusiker Aasmund Nordstoga med musikarar. Han har spela inn plate, Guten, med navnebror Aasmund Olavson Vinje sine tekster. Noko nye melodiar, noko velkjent, og alt i ny tolkning. Der Grieg tok Vinje ut i verda, tek Nordstoga han heim att, seier han sjølv om plateprosjektet. Aasmund Nordstoga bur på same garden som Aasmund Olavson Vinje gjorde, og er soleis godt kjent med arva.

Vi får også besøk av ein ung leikarring frå Straumsnes Ungdomslag. Vi gler oss til flott musikk i flotte omgivelsar!

Det blir matsal frå kl 12.00 på Åkerfallet. Utstillinga er open.


Gro Kjelleberg Solli
Velkomne!